Storhaug - Havdur

 
IMG_4409_lr.jpg

Torsdag.
Kveld. Kamp.
Sumar. Smågodt.


Det skulle bli seier.
Slik enda det ikkje.

 

Det var dagen då VM starta. Dagen då Storhaug FK skulle ta sin første tre-poengar i sesongen. Dagen då Jarle skulle gjere comeback på fotballbanen som nybakt pappa. Dagen då det var fleire spelarar på skadelista enn friske…. Dagen då me tapte 6-1.

Det starta då eg kom inn i Storhaug FK sin relativt nyerverva garderobe (flytta 20 meter forbi ein middels lunken dusj og to skitne toalett). Stemninga er topp. Med TV, kaffetrakter, egne kaffekoppar, skap og hyller i klubbfargen raud og egne portrett med draktnummer på veggen kan ein ikkje gjere anna enn å hylle klubbledelsen når ein entrar heimegarderoben.

I det folk kler på seg dei raude sokkane, dei raude shortsane, dei raude draktene, begynner det å ta seg opp. Det nærmar seg kamp. Folk kjenner på pulsen. Litt småfising, energidrikk, kaffi og sportstape. Alt er som det skal.

Ein trollmann i svart merka “SS” tar så fram whiteboardet. Han har planen klar. Dei raude soldatane følgjer godt med i det SS tar dei gjennom steg for steg kva som skal skje dei neste 90 minuttane utpå det grøne krøllgraset. Planen er god. Folk er samde. Dette skal gå. Folk er motiverte. At me ligg på siste plass med 1 poeng er ikkje tema ein gong.

 

Dette var lagoppstillinga som blei dratt opp frå den magiske hatten:

35462861_10156068657636311_6798476511335677952_n.jpg

 

 

I det klokka nærmar seg avspark, går me ned på Eureka-banen, og er høgt oppe etter god motivasjon og god kampplan av coach. Oppvarminga går sin vante gang, med spel, spurtar og eit og anna langskudd.

 

Kampen startar.

1 omgang

Det er ein jevn start på kampen, mykje kriging. Det blir meir og meir klart at Havdur likar å spele langt og i bakrom. Dei har eit par gode og raske spelarar på topp, og gjer det vanskelig for Storhaug å forsvare seg.

Det er jevnt, og i løpet av den første halvtimen kunne det vore mål begge veiar. Det første målet kjem etter 31 minutt. 0-1 Havdur

Det andre mål kjem etter 43 minutt, og Erlend pådrar seg eit absolutt nødvendig gult kort i det han uttrykker sin misnøye til den haugalandske dommaren. 0-2 Havdur.

Så kjem pausen, og me blir einige om å fortsette med samme 11-eren. Byttene kjem litt ut i andre omgang.

 

2 omgang

Det blir fleire bytter i denne omgangen. Fedda, Jani d.e, Johs, Oddi, Eivind går ut. Jarle, Alsvik, Wladi, Qwam og Thomas kommer inn.

Vidare i andre omgang går det vidare og ting blir videreført som det vanlegvis gjer. Det blir litt spel, eit par corners, frispark i farlig posisjon og slikt. Ingen gigantiske sjansar. Havdur er solide på kontringar, og straffar oss hardt og brutalt. Kampen i seg sjølv er ingenting å skryte av.

Eit smart og hardt frispark lurer Erlend, som ellers hadde ein god kamp og var til tider heilt på nivå med både Karius og De Gea før VM og CL.

På stillinga 0-3 kommer Jonas med ein kandidat til årets mål i det eit frispark fra Simon treff keeper som får fista opp i tverligger, og deretter kjem Jonas med ein fart på 0,5 km i timen og med spenst som ein melsekk header han i mål fra ein distanse på 20 cm. Ingen VAR påkrevd der. Dommaren bles i fløyta, og eit lite håp blir tent.

Desverre scorar Havdur etterpå, og det blir 1-4. Så 1-5. Så 1-6. Eit sukk går gjennom publikum i det fløyta bles.

Alt i alt er det ein til tider god kamp, men trist å slippe inn så mange mål. Havdur var gode på kontringar og vant duellane og kriga seg gjennom forsvaret vårt. Truleg hadde dei gullvaflene på sin side i dag.
 

*Stjerner

3*: Stian. Upåklagelig service. Lite trekk for knusing av kaffekanna, men redder seg inn med fin bart.

2*: Johs aka “2-touch” aka nr 2 på drakten

1*: Simon. Godt frispark.

 

-1*: Draktdesigneren til Havdur

 

//Thomas

Skjermbilde 2018-06-18 kl. 09.49.09.png
35476811_10156069080776311_6435285564160737280_n.jpg