Ustoppelege Storhaug med ny siger.

Home / Fanzone / Ustoppelege Storhaug med ny siger.

Resultat: Storhaug – Forus og Gausel 2 (6-2)
Mål: Simon (Oddi), Simon (Kristian), Waula (Simon), Kristian (Simon), Waula (Simon), Johs (Barten)
Benk: Johs, Erling, Barten, Thomas, Jani D.E, Aron.
«Sinnsykt dårlig lagoppstilling» ala Johs (j.f pre-match intervju):

1

Faktisk lagoppstilling:

2

Oppladinga til kampen byrja bra, utanom fem ikkje-namngitte personar som ikkje klarte å møte på tida (Simon, Aron, Jonas, Jani, Stian). Dette til tross var stemninga god og gutta var klare for nok ein viktig kamp i norsk 6. divisjon.
Johs klagar på «sinnsykt dårlig lagoppstilling, men det er uvisst om det var fordi han ikkje heilt hadde fått med seg lagoppstillinga, eller fordi han var plassert på benken.
Benken kan uansett seiast å vere ein av Rogalands sterkaste.
1. omgang
Kampen starta bra og Storhaug dominerte dei første minutta.  Det tok helder ikkje lang tid før Simon åpna skoringskontoen. Etter ein nydelig passning frå Oddi får Simon en grei jobb med å putte in dagens første mål.
KP var kvass ute på vingen og hadde nokre store kjangsar, som diverre endte nokre centimeter over mål. Når den mannen får sikta inn skuddfoten kjem det til å bli stygge tall for motstanderlaget.
Simon har tidlegare bestukket Ørstas store son med øl for å få fleire målgivande passningar, og endeleg gav det utslag. Solem gir ein krempassning til Simon etter 8 minutt som er nesten ferdig skåra. Simon treng berre å dribble av tre mann før han enkelt kan putte den i kassa. Keep them beers comin’.
Til tross for at Storhaug er klart betre en Forus og Gausel 2 har dei ei ganske grei midtbane. Midt i første omgang får dei frispark rundt 20 meter ifrå mål, og vi stiller opp skyttermuren med våre modigste menn. Dessverre går ballen over (rundt?) muren og direkte i mål. FoG 2 får sitt første mål og stillinga er 2-1.
Heldigvis tek det ikkje lang tid før Simon kan spele gjennom Waula som enkelt kan putte ballen i ml åleine med keeper.
3-1 til pause.
2. omgang
Neste mål kjem til FoG2, som får stå ganske upressa på 25 meter og klinker ballen på volley i krysset. Utagbart.
For kanskje første gang i kampen er det jevnt spel mellom laga og stillinga er kritisk, 3-2.
Storhaug kjem seg etterkvart til nokre gode kjangsar; Simon driblar seg fint gjennom på venstrekanten, går langs dødlinja og gir en nydelig 45 graders passning. Solem mottek passninga innanfor sekstenmeteren, tek ballen med seg til venstre og setter ballen i mål. Storhaug aukar ledelsen til 4-2.
Etter det kjører Storhaug fint kampen og når Johannes og Waula setter inn 5-2 og 6-2 er det avgjort. Tilretteleggarar var Simon & Garfunkel (Barten). Storhaug tek sin 4. siger på rad og fortsetter dermed seiersmarsjen gjennom 6. div.
Neste kamp er borte mot Hjelmeland og neste referent blir Johannes «sinnsykt dålig lagoppstilling» Solhaug.
Stjernene går til følgjande spelarar for utmerka innsats:
3 : Simon
2 : Waula
1 : Torgeir

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *