Kampreferat Storhaug 4 (eller 5) – 0 Tasta 2

Home / Fanzone / Kampreferat Storhaug 4 (eller 5) – 0 Tasta 2

C:UsersKristianDesktopKampreferat Storhaug - Tasta 2Start.jpg

(Bilete tatt

før kampstart)

 

Målskårarar: Simon, Martin, Jonas (2)

Startoppstilling:

Erlend

Hansi Jonas Fredda Stian

Jarle Jossi Leif Mikke

Simon Waula

Benk:
Magnus
Martin (Inn for Jarle etter ca 70 spelte minutt)

Trenaren sine stjerner

3 – Johannes
2 – Mikke
1 – Jonas

 

Oppvarminga var meget god, med fint spel på liten bane. Tiqui-taca-tendensar blei observert og la soleis føringa for korleis kampen skulle bli.

Nokre av gutane gjorde ein ekstra innsats for å forberede seg til kampen ved å klippe opp innsida av shortsen. Dette for å gjere det litt luftigare for edlare delar, og soleis meir behagelig å spele kamp. Om det får følgjer i form av bot eller anna straff vil vise seg. Taktikken viste seg i vertfall å fungere, om ein tek utgangspunkt i resultatet.

  1. omgang

I den første perioden av omgangen vart det registrert fleire kjangsar til begge lag, men dei største kjangsane stod Storhaug for. Målet kom etter 23 minutt der Mikke og Waula kombinerte fint og laga corner. Den innoverskrudde corneren frå Simon landa på pannebrasken til Jonas, som stanga kontant i mål. Resten av omgangen var prega av kjangsar til begge lag og litt nervøs stemning. Erlend hadde eit par gode redningar og måtte i ein situasjon blokkere skotet med andletet, dette utan noko hensyn til sambuaren sin og sin framtidige utsjånad.

 

1 – 0 til pause.

Pauseprat: Latteren ligg laust og Inge kjem med nokre instruksar til gutane. Instruksane ser ut til å fungere ettersom 2. omgang absolutt går vegen for Storhaug.
Verdt å merke seg: Stian får tilsnakk av ein Storhaug-fan på sidelinja om at han ikkje må sparke til motspelarane. Stian meinte det var fortent og var klar for krig.

 

  1. omgang

Sett bort ifrå ein litt keisam periode mitt i 2. omgang styrte Storhaug spelet med ein svært mobil midtbane, ballsikre angriparar og «eit forsvar som vant 100% av luftduellane»

  • Sitert Fredda, men sannsynligvis sant.

Simon skora i det 61. minuttet etter eit fantastisk stykke fotarbeid som den evig-unge Storhaugspelaren etterkvart er viden kjendt for.

C:UsersKristianDesktopKampreferat Storhaug - Tasta 2Pause.jpg

(Både trenar og ein utbytta Jarle ser spelesugne ut og er halvveis inne på bana)

I det 69. minuttet får samtlige på sidelinja ei déjà vu oppleving då det kjem ein tru kopi av målet i første omgang. Litt forskjell var det riktig nok, sidan Jonas denne gangen meinte det var for keisamt å bruke hovudet og skåra denne gangen med skuldra. Kva kroppsdel skal han bruke neste kamp?

Storhaug-spelarane gjer ein heroisk innsats på bana, og mange lurer nok på kva Mikke puttar i vegetarmaten sin sidan han mest sannsynlig sprang meir en Henrik Ingebrigtsen gjer på ein god dag.

Siste målet blei skåra av Martin som endeleg var tilbake frå bryllaup.

Dette satte soleis spikaren i kista og Storhaug gjekk fortent av med sigeren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *